mandag 10. desember 2012

tiande desember: oppsummering av stader eg har følgt med til i bøkene dette året

Hei, nå er det tiande desember, og eg tenkte det var på tide med ei lita oppsummering frå bokåret 2012. Derfor tenkte eg at stadene eg har vore på dette året saman med bøkene kanskje kunne oppsummerast. Grunnane til dette er at eg dette året har lese bøker frå fleire stader enn bare Noreg, England og USA. Eg har blant anna lese bøker frå Australia, Italia, Spania, Hellas, Ungarn, Frankrike, Irland, Wales, Sverige og sikkert nokre fleire eg ikkje hugsar.

Eg vil gjerne oppsummere litt frå Hellas, Italia og Spania blant anna. I tillegg vil eg ta med Sverige på grunn av dei gode krimbøkene eg har lese som er frå forskjellige stader i Sverige.

Italia

Dette året har eg lese fire bøker frå Italia. Best har nok bøkene til Marina Fiorato vore, og dei tel tre av fire bøker. Den mest suksessfulle, som i tillegg appellerte sterkt til min kjærleik til kunst, var Boticellis hemmelighet.
Mitt inntrykk av Italia gjennom bøkene til Fiorato er eit vakkert land med mange kjente ansikt og veldig fin kunst, men likevel eit land med mørke baksider, slik som alle andre land. Det har vore ei reise som har vist meg at Italia har vakre bygningar, måleri og menneske i fleng, men dei har òg innbyggjarar som har lidd under styret og som er overmåte fattige. Prevensjon, spedalske, krig korrupsjon er gjengangarar i bøkene til Fiorato. òg forfølgelsen av jødane har kome med, men likevel elsker eg det Italia Marina Fiorato måler fram gjennom orda. Det er flott, men likevel langt frå perfekt.

Hellas

Eg har lese fire bøker frå Hellas dette året, tre av Victoria Hislop, men den fjerde var òg minst like god. Me får eit møte med gresk historie og gresk kultur gjennom alle bøkene. Øyene og stadane som blir gjort kjent for oss i bøkene er Kreta, Kefalinia og Thessaloníki. Eg trur kanskje eg likte Kefalinia eller Kreta best. Kreta har Spinalonga, som øya av Victoria Hislop er frå. Kefalinia har Pelagia og kaptein Antonio Corelli og kjærleikshistorien deira. Bøkene viser meg eit Hellas som er sterkt prega av borgarkrig, verdskrig og krigar med Tyrkia. Likevel held dei på tradisjonane og på håpet. Eg klarer ikkje bestemme meg for kva bok eg liker best frå dette vidunderlege landet, men eg kjente meg igjen då eg las i kaptein Corellis mandolin at kelnarane og dei som jobba på ein restaurant lærte seg språket til turistane. Eg var på Rhodos i oktober i år, og det er ein av dei feriestadene kor eg har følt meg mest velkommen. Grekarane snakkar så godt engelsk dei kan og kjem kanskje òg med nokre norske og svenske fraser for å imponere oss turistar.

Spania

Først trudde eg at bare hadde lese to bøker med handling i Spania, men eg hadde lese tre, men den siste har bare handlinga delvis i Spania og er langt frå like interessant. Den beste må ha vore hjemkomsten av Victoria Hislop.
Eg hugsar endå at eg likte denne boka svært godt då eg leste henne, og denne og ei bok med namnet syersken fra Madrid fekk hovudfokus i ei norsk - og samfunnsfagsoppgåve. Det Spania som fascinerte meg i desse bøkene var det historiske Spania og borgarkrigen. Eg hadde aldri høyrt om borgarkrigen før, sjølv om eg er veldig interessert i historie. Eg visste heller ikkje at dei politiske motsetningane der nede har vore så store, og at dei har hatt ein fascistisk leiar i rundt førti år. Elles fekk eg veldig lyst til å reise til Granada, eller i alle fall til Spania, for å oppleve den spanske kulturen og Flamengodansen.

Sverige

Eg har lese ein del svensk krim dette året, blant anna tre bøker av Theorin, åtte bøker av Läckberg og tre bøker av Kallentoft. Den staden som fascinerte meg mest var Öland som verker mystisk. Gerlof er ein fyr eg ville likt å møte. Fjällbacka var sjølvsagt òg fascinerande. Veldig liten alle-kjenner-alle-stad. Minner meg litt om visse tettstadar her i Noreg. 

Heilt til slutt tar eg med ein spansk/engelsk julesang dei fleste sikkert har høyrt før.

Ha ein fin dag

4 kommentarer:

  1. Hei! Så flott et innlegg! Jeg liker selv å lese bøker fra forskjellige land, og ofte velger å lese en del bøker fra land hvor jeg skal reise til. Både Hellas, Italia og Spania er land jeg liker å lese fra. Har selv lest Hislops Tråden nå, som jeg likte godt. I vår og sommer leste jeg mye fra Frankrike da jeg skulle dit i sommer.

    SvarSlett
  2. Takk for det. Det er kjempespennande å lese frå forskjellige land ja. Las "tråden" på Rhodos i haustferien og tenkte at det passa bra sidan me var i Hellas!

    SvarSlett
  3. Skal si du har lest bøker fra mange land! Jeg har nok ikke vært innom så mange, men kanskje jeg får en overraskelse hvis jeg tok en oppsummering.
    Utrolig mye å lære i bøkene :)

    SvarSlett
  4. Eg vart overraska då eg såg over. Og du har rett i at det er mykje å lære!! :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten