lørdag 1. desember 2012

første desember: "julemysteriet" av Jostein Gaarder og andre ting som kan forbindast med denne fine dagen

Advent har nå starta heilt på skikkeleg, sjølv om eg har vore i denne stemninga i lang tid, i og med at eg har spelt kimer, I klokker i over ein månad på piano. I dag er eg i Kristiansand på julegåvehandel og har verkeleg tenkt å gjere innhogg i butikkane her borte på sørlandet. Ingenting er som Kristiansand i jula, eller i advent då. Eg har nokre planar om kva folk skal få, og får sjå om eg finn alt dette. Håpar på det, og så håpar eg på at alle blir nøgde med det dei får.

Noko anna som startar første desember er lesinga i boka julemysteriet. Nå er jo ikkje dette noko som som skjer i dag, fordi eg og litlesøstera mi er ikkje heime, og dette er noko av familiekosen når det er advent. Å samle seg rundt salongbordet om kvelen, tenne lys, opne ei gåve med ein krybbefigur i, lese i bibelen, synge ein eller to julesongar og lese i julemysteriet av Jostein Gaarder er adventskos for meg.

Dette omslaget på julemysteriet har ikkje me. Me fann dessverre bare ei bok med eit lite lam utpå då me kjøpte boka, og så såg eg denne året etterpå. *sukk* Litt skuffande, og eg vurderer alvorleg å kjøpe denne på kreditt på Ark der eg jobbar.

Kort fortalt er dette ei bok om Joakim som finn ein litt annleis julekalender i gamle Johannes sin butikk. I julekalendaren er det verken sjokolade eller krybbefigurar, men små lappar med historier på. Historiene er om vesle Elisabet som saman med eit lam og fleire viktige personar frå juleevangeliet reiser til Betlehem for å oppleve Jesu fødsel. Reisa er både ei reise gjennom Europa og ei reise gjennom tid.

Det er andre ting som òg skjer denne viktige dagen, som til dømes at julekalendaren på NRK startar. Eg er skikkelig spent dette året, for nå er jul i svingen, jul i blåfjell, jul i skomakergata og jul på månetoppen bytta ut med ein ny julekalendar. Eg får prøve å ikkje vere alt for kritisk, men eg skal innrømme at det dessverre ikkje ser lovande ut etter det eg har høyrt til nå.

Likevel, litt mimring er lov. Derfor har eg lagt inn nokre desembermelodiar og første desember-songar i dette innlegget.







Ha ein fin første desember!!

ps. I dag røykvarslagdagen :)

1 kommentar:

  1. åhh... savner å se julekalender i jula.. men har ikke tv kanaler.. I fjor kjøpte jeg Amalies Jul. Men litt kjedelig og se samme, to år i trekk.. Men overveier selvom det er litt seint og kjøpe Jul i Skomakergata eller Jul i Blåfjell :) Må liksom ha julekalender for og komme i riktig humør :P hehe

    Høres koslig ut og samles om boka :)
    Hadde selv planer om og lese denne boka i år.. Leste den for mange mange år siden.. :) Men nå finner jeg ikke boka mi :( Så det får bli en annen jul..

    Åhh.. gleder meg til og pynte og komme i julestemning :D

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten