søndag 16. desember 2012

sekstande desember: kanskje me bare skal gi opp dette prosjektet?

Eg merkar at det gjekk fint dei første tolv dagane å lage julekalendar, så blei det litt tomt, og ingenting blei jo skikkeleg bokrelatert på ein måte. Alt vart litt lite relevant i forhold til temaet på bloggen, og i tillegg har det ikkje vore så veldig mykje å skrive om. Det har vore mykje snø, ja vel. Me var innesnødd på Nærbø i går. Ikkje det at me ikkje kom oss utanfor ytterdøra, men vegane ut frå Nærbø var ikkje brøyta og politiet oppfordra oss til å halde oss inne. Skulane har vore stengt, og på fredag hadde eg bare tre timar på skulen grunna snøen og vêret. Me har hatt nærare ein meter snø, og eg har aldri opplevd liknande forhold i heile mitt liv! Jæren, som ALDRI får snø, bare slafs og regn.

Dette blei akkurat like tomt som alle andre innlegg, men men, det skal få alle vinterbileta mine seinare. Dokumentasjon heiter det. Uansett, eg tenkte eg skulle setje meg ned å skrive litt. Er lenge sidan sist, og eg har ein veldig god idé og håpar på at den er gjennomførbar. :)


2 kommentarer:

  1. Eg er og litt overraska over kor mykje meir arbeid enn eg trudde, det var å lage adventskalender. Eg synest tekstane dine er morsomme å lese. Bare så du veit det.

    SvarSlett
  2. Jeg kan tenke meg at det er mye arbeid med å lage en julekalender, å ha et innlegg klart til hver dag i hele desember. Egentlig noe jeg ikke har tenkt over der jeg har surfet rundt på ulike kalendere!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...