onsdag 26. desember 2012

bok: skygger av Gro Trollet

No er eg ferdig med debutromanen til Gro Trollet, norsk redaktør for samtidslitteratur i Frankrike og elles ein dyktig forfattar, men har dessverre svekka inntrykket ho kunne gitt meg med nokre litt for store småfeil. 

Eva Lévy er ein  fers norsk-fransk løytnant i Brigade Criminelle i Paris, ein by som dei siste vekene har blitt rysta av drap på uteliggjarar og ein terrortrussel mot innanriksdepartementet. Oppå det heile kjem òg drapet på ei førebels indentitetslaus, sansynlegvis norsk kvinne som blir funne i Seinen. Obduksjonsrapporten og omstendighetane tyder ikkje på nokon naturleg død, men likevel kan ikkje drapet knyttast opp mot hendingane dei sista dagane. Dette trass i at det er heimlause Alex som finne kvinna og som tydelegvis har hatt ei i puslespelet Eva og politimannen Grégoire skal legge.

Britt Boyesen i NRK har skrive: "For en leser som er over gjennomsnittet begeistra for Paris og for krimbøker, er dette en ønskedrøm." Det kan så vere, og krimen er godt konstruert. Det er ingenting rot med korleis forteljinga er fortalt, og ein blir ikkje forvirra, sjølv om visse franske, men heldigvis ubetydelege for løysinga på mysteriet, kan vere lette å blande saman. Historia er fortalt frå ein allvitande synsvinkel, noko som gjer at me alltid er litt meir kunskapsrike enn Eva Lévy og karakterane.

Ved hjelp av denne autorale skrivemåten får me bli kjent med stenihuggaren Martin som har sine eigne problem å løyse. Etter at han og mora Agnés har lese om drapet på kvinna i Seinen i avisa Liberation ser drapet ut til å ha meir påverknad på livet deira enn ønskeleg er. Kvinna bak avisartikkelen skal òg vise seg å vere ein viktig del av det heile. Journalisten Sarah Blanc er høggravid og henger seg på Eva Lévy, ikkje bare for informasjon, men òg for venskap og andre personlege grunnar.

Ein annan person som er i Paris, André, var norsk motstandsmann under krigen i Noreg. Han tilbringer mesteparten av dagen på å drikke sprit og trave rundt i dei franske gatene mens han tenkjer på dagane under krigen som motstandsmann. Noko anna som er i tankane hans er den "overfladiske" eks-kona hans, Astrid, og dei tre "umoglege barna hans, Ritter, Jesper og Marlene. Likevel, han er ikkje bare på ferie.

Trollet har vore dyktig til å skjule sanninga i denne romanen, bak, til tider, veldig formelt og rart språk som stemmer dårleg overeins med det lette språket ho elles brukar. I tillegg er det noko som verkeleg har gjort at eg såg raudt, nemleg skildringa "snillingen". Det blir brukt ein gong, men det hengte eg meg opp i, rett og slett fordi snilling er i same ordkategori som facebook-brukarar brukar for å kommentere profilbilete: Snilling, søting, pena, fining. At ei bok som elles har godt språk skal ta i bruk noko slikt seier litt om den tida me er i. 

Noko anna som terger meg alt for mykje er den store delen karakterar i boka som røykjer. Eva Lévy har "slutta", men røykjer likevel, Grégoire, Sarah Blanc, Helge Prebensen - norsk ambasadør i Paris, Ellen Vike, norsk etterforskar. Det for mange som ikkje bryr seg om det i boka til at det er sant. Hadde det vore for førti år sidan kunne dette vore sant, men eg tvilar sterkt på at så mange røykjarar kan vere involvert i ei historie, og i tillegg at så mange bare røykjer i selskap med Eva, sjølv om dei eigentleg aldri røykjer elles. Andre ting eg har vanskeleg for å førestille meg er at Eva og Grégoire sit og drikk vin kvar dag i lunsjpausane, men Gro har greidd å få dette i havn.

Heldigvis hadde ikkje Eva problem med mannen sin heller, som mange tøffe politikvinner i bøker ofte, og dessverre, har. I tillegg blir ho ikkje forelska i dei mannlege samarbeidspartnarane og kollegaane, noko som nesten var overraskande, fordi nå er det meir vanleg at det er slik enn ikkje, og det var greit å lese ei bok kor dette ikkje var endå ei bekymring. Dette kan oppsummerast som ei god bok til å vere debutroman, men med nokre feil å prikke på. Visse delar av historia er heilt klart oppdikta fordi det skal mykje til for at slikt skjer, men ein skal aldri seie aldri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten