torsdag 6. desember 2012

sjette desember: Sankt Nickolaus

Heisann, sjetta desember totusenogtolv i dag. Sjette desember er på ein eller annan måte ein veldig spesielle dag, nesten ein merkedag, utan at eg veit heilt kvifor. Me markerer den jo ikkje veldig i Noreg. Likevel, ein av fire delar av kalendaren har nå blitt skrivne, og det er bare atten dagar igjen til jul.

Eg har ei veninne som opprinneleg er tysk, og ho nemnte her om dagen at ho syntes det var rart at me ikkje feira Sankt Nicholaus i Noreg, for me feira jo veldig mange andre helgenar me ikkje veit kven er. Derfor tenkte eg å ta med biskopen i adventskalendaren på bloggen i dag.

Eg har tysk på skulen, og me las om han her på tysdag, fordi tyskarane feirer denne dagen med snop og nokon som kler seg ut med raud kappe og skjegg. Sankt Nikolaus var ein biskop i litleasia i år tre hundre som hjelpte fattige, blant anna ved å gi gåver. Han har seinare blitt ein helgen i den katolske kyrkja og er altså mannen som har vore med på å forme julenissen me kjenner til i dag. Ein skulle tru at Sankt Nikolaus av den grunn hadde på seg raude kapper på bileta, som på biletet over, men faktisk er ei gullkappe det vanlegaste. Grunnen til at julenissen i seinare tid har blitt raud er faktisk Coca-colaen.

I tradisjon og tru skal sankt Nikolaus den sjette desember kome rundt til barna og spørre om dei har vore snille året som har gått. Snille barn får lovprisning og gåver, slemme barn får eit slag med stokken. Nå for tida plar det vere familiemedlem eller vaktmeisteren på skulen som kler seg ut og gir gåver til barna. Barna set støvlane sine utanfor døra for å få godteri.

Det er tradisjonen rundt denne dagen, og kanskje de nå har forstått grunnen til "er det noen snille barn her?" :)





Dette er dagens sang. Veit ikkje om nokon sang om Sankt Nikolaus, så då får eg ta fantasien til hjelp og bruke denne sangen frå jul i svingen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...