søndag 8. april 2012

påskemorgon


8. april 2012

Jesus står opp 

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.  2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han.  3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.  4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.  5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste.  6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!  7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
   
  8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.  9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» 

2 kommentarer:

  1. Han er oppstanden!
    Vær velsignet!!! Og takk for at du deler disse versene!
    Pia xx

    SvarSlett
  2. Det har vært så utrolig flotte innlegg du har skrevet om påsken! Vi trenger å minnes på hva som egentlig skjedde disse dagene!
    Klem!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...