tirsdag 19. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og mysteriekammeret bok/film


Hei. Eg lote å legge ut eit innlegg om Harry, Hermine, Lulla og Nilus i går, men det er rett og slett ikkje tid til det så det kjem ein presentasjon seinare ein gong om alle personane eg hadde tenkt å skrive om. Men over til dagens tema. 

Harry Potter og mysteriekammeret er den andre boka i serien om Harry Potter og Harry reiser nok ein gong tilbake til Galtvort, men denne gongen med ei åtvaring i bakhovudet i frå husnissen Noldus (Dobby). Men ingeting ser ut til å gå som planlagd. Ronny Wiltersen (Ron Weasly og Harry kjem til Galtvort i ein flygande bil og får skikkelig "juling" i frå Severus Slur (Severus Snape). Skuleåret byrjar elles som vanlig, men det er noko som trugar Galtvort og når Harry sit i arrest den eine kvelden høyrer han ei merkelig stemme i frå veggane som ingen andre kan høyre. Rett etterpå finn dei Argus Nasks sin katt fru Hansen (mrs. Norris) forsteina i ein av gangane saman med ei bodskap om at Mysteriekammeret er opna på nytt og at alle gompefødte skal vokte seg. 
Overfalla bare held fram og Harry må til slutt sjølv inn i kammeret. 

Filmen er er eigentlig veldig kjedelig og langtrukken synes eg. Han held seg - som den førre - litt for mykje til boka og du føler at dette har du opplevd mens du las òg. Det verkar som om dei ikkje utelet ein einaste ting i frå boka og då blir det litt kjedelig. 

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...