søndag 10. juli 2011

bok: blå måne av Alyson Noël

Nå byrjar eg med å skrive om bøkene eg las på ferie og eg byrjar med den dårligaste først, då blir det litt spenning med kva som var den beste boka osv. Here we go!

Denne boka er som de sikkert veit oppfølgjaren til Ever - for alltid av Alyson Noël. Ever er klar for å gå inn i sin rolle som udødeleg og vere med sin store kjærleik - som òg er udødeleg - Damen. Men ein mystiks sjukdom trugar Damen og gjer at han gløymer ting. Samtidig så får Ever sjansen til å få tilbake familien sin som blei ramma av ei bilulukke, men då må ho velge bort Damen og kan ikkje lenger hjelpe han med sjukdommen. I sin søken etter ein medisin til han reiser ho til Summerland og ho må leite i Damens fortid.

Eg synes at denne boka var ein dårlig oppfølgjar og er ikkje særlig begeistra for serien. Den er ein dårlig twilight - serie og eg har ingen behov for å lese den vidare.
Byrjinga i boka var faktisk veldig god og eg tenkte at boka kom sikkert til å bli interresant viss den haldt på sånn. Det var svært interresant å lese om Evers nye forhold til tanta og korleis tanta ser på det at Ever veks mange centimeter om dagen. Det er nesten så du byrjar å leve deg inn i forteljinga og eg syntes byrjinga var bra.

Midtdelen var òg for så vidt bra. Sjukdommen til Damen blir jo verre og Ever gjer alt for han og alt det der. Reiser til og med til Summerland for å redde han. Det eg ikkje forstår er kvifor det bakpå boka står at det å leite i Damen si fortid var vanskelig og at det var ei fryktelig hisetorie. Alt ho avdekka der hadde ho visst i frå før av, så det var jo egenlig ikkje så merkelig det ho fann ut.

Så kjem me til slutten. Den øydela alt, og då eg sat og tenkte på boka etterpå fann eg ut at slutten var ikkje noko eg greidde å forstå. Den var rett og slett å kjedelig og dårlig at bare på grunn av den vil eg ikkje lese resten av serien.

Boka var bra skriven, men av og til blir det for fantasktisk synes eg alt dette Alyson Noël skriv. Ja, eg liker twilight, men eg liker ikkje denne serien. Damen er er ei dårlig etterlikning av Edward Cullen og eg synes Edward Cullen er ein mykje kjekkare gut å lese om.

Omslaget på boka var bra, det likte eg. Det passa med handlinga i boka og viser litt det mystiske rundt alt dette.

Mai Lene

Tittel: Blå måne
orig. tittel: Blue moon
Forfattar: Alyson Noël
utgivningsår: 2009
forlaag: Kagga forlag
sidetal: 301
baksidetekst:
Ever har blitt innviet i en mørk og  forførende verden sv din elskede Damen. Mens hun lærer om alt hun kan få til med sine nye evner som udødelig, skjer det noe fryktelig med  ham. Samtidig som Evers krefter styrkes, svekkes Damens krefter av en mystisk sykdom som truer hukommelsen hans og identiteten hans, livet hans.
I desperasjon etter å redde ham foretar Ever  en reise til den mystiske dimensjonen Sommerland. Der avdekker hun hemmeligheter fra Damens fortid - den brutale, fryktinngytende historien som han hadde håpet å kunne holde skjult. Samtidig nærmer den blå månen seg og varsler om hennes eneste mulige reisevalg. Ever blir  tvunget til å velge mellom å skru tilbake klokken og redde familien sin fra lykken som røvet dem fra henne - eller å bli i nåtiden og redde Damen, som blir svakere for hver dag sin går...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...