tirsdag 12. juli 2011

forfattaren i juli

Viss du har sett på sida om faste innlegg ser dykk at annan kvar månad kjem det ut litt fakta om ein forfattar. Gi meg gjerne tips til nye forfattarar eg kan lese bøker av og finne meir ut om! Nå har eg  lagt ut ei liste over alle forfattarane eg har lese bøker av her på bloggen + litt fleire. De finn dei under sida som heiter Forfattarane. Viss de då har lyst at eg skal skrive om ein av dei så kan de legge det igjen i kommentarfeltet på den sida eller under dette innlegget.

J. K. ROWLING
Joanne "Kathleen" Rowling blei født 31. juli 1965 i Yate i Gloucesterschire som ligg 16 kilometer nord-aust for Bristol. Ho var dotter av Peter James og Anne Rwoling og hadde ei to år yngre søster som heite Dianne. J. K. Rowling gjekk på St. Michael pimary school og rektoren som var på skulen då ho gjekk der, Alfred Dunn, er kanskje inspirasjonen til Albus Humlesnurr.

Då Rowling var lita skreiv ho fantasyhistorier som ho las for den yngre søstera si, og i tillegg elska ho og lese bøker. Det var Jessica Midtford som trona høgast og Rowling las alle bøkene hennar. Midtford blie Rowlings heltinne.

Då Joanne i 1990 tok toget i frå Manchester til London kom ho på idèen om Harry Potter. Ein foreldrelaus gut som var spesiell. På den togturen har det blitt sagt at J. K. Rowling laga heile historia om Harry Potter inni hovudet sitt. Rett etterpå døydde mora til Rowling etter ein hard kamp mot multippel sklerose. Dette fekk Rowling til å gå meir inn på korleis Harry sakna foreldra sidan ho visste korleis det var å miste nokon.

Seinare flytta Joanne til Portugal for å vere lærar i engelsk og der gifta ho seg med Jorge Arantes og 1993 fekk dei Jessica Isabell Rowling Arantes som er oppkalla etter Jessica Midtford. I november same år blei Rowling og Arantes separert og Rowling flytta med Jessica til Edinbugh for å kome nærare systera. I denne tida fekk ho diagnosen klinisk desperasjon og overveide sjølvmord noko som gav ho idèen til desperantane; dei som suger all glede ut av folk.

I 1997 blei første boka gitt ut under Pseudonymet J. K. Rowling. J står for Joanne som er hennar første namn, men forlaget ville ha med ein til bokstav sånn at gutar òg kunne lese bøkene. Forlaget var nemlig redde for at bøkene ville selge mindre om folk trudde det var ei dame. På grunn av dette tok Rowling med initialen K etter bestemora si Kathleen. Seinare har ho gifta seg og som gift heiter ho Joanne Murray.

Harry Potter blei ein stor suksess over heile verda og bøkene solgte i milionar. Det blei fleire og fleire og i 2007 kom den siste boka ut. I tilleggg til bøkene har filmane òg blitt ein stor suksess nå i 2011 blir den siste filmen vist på kino.

J. K. Rowling som var fattig før er nå blitt mange milionar rikar på grunn av denne spesielle guten som overlevde.

Kjelde: Wikipedia

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...