mandag 11. juli 2011

Bok: juli av Tania Kjeldset


Det er sommar og Elin er igjen på Schrøderøya saman med Sara og Mikkel og alle dei andre. Kato er òg der, Han sat på sida av Elin på bussen. Han er på sommarferie i campingvogna saman med mora: Henry. Ho ingen skal vite om. Dette er boka om sommaren då Elin møtte Kato.

Innleiinga var god og du får eit lite tilbakeblikk på sommaren før den sommaren det blir fortalt om her. Det er med og gir noko av handlinga i resten av boka ein liten piff og har noko med venskapet til Sara og Elin å gjere.

Midten var svært bra og sjølv om det ikkje er nokre sånne scenar som du finn i kriminalromanar så sit du likevel klistra til boka. Den er skriven på ein måte som gjer at du bare vil lese meir meir meir. Av og til går det kanskje litt fort i svingane, men det er sånn som det kanskje pleier å gjere i bøker.

Slutten var ein sånn ein som eg liker. Den var kjempebra og det er nesten sånn at du kan dikte litt vidare sjølv. Det er jo litt spennande og faktisk kunne tenke seg til det sjølv synes eg då.

Boka er bra skriven og eg liker måten den er oppbygd på. Me følger både Kato og Elin og får vite kva dei begge tenker. Me får litt innblikk i korleis somrar kan vere for folk. Nokre ser på sommaren som den perfekte ferien mens andre har nesten ikkje ferie.

Omslaget er bra og viser tilbake til den sommarekjensla du får av å lese denne boka.
Anbefales
Mai Lene


Tittel: Juli
Forfattar: Tania Kjeldset
utgivningsår: 2010
Forlag: Cappelen Damm
Sidetal: 201
Baksidetekst:
ELIN
- Ikke snu deg, sier Sara.
- Hvorfor det?
- Fordi han ser på oss.
- Hvem da?
- Han har stått nede på brygga og sett på oss lenge.
- Sara, hvem er det du snakker om?
- En gutt. Jeg vet hvem han er. Han heter Kato.

KATO
Han så henne igjen i dag morges. Jenta som satt ved siden av ham på bussen. Han skvatt nesten, hadde jo ikke ventet at hun skulle dukke opp igjen. Hun heter Elin.

Det er den sommeren Elin er femten.
Sommeren da alt blir annerledes.
Sommeren da Elin møtte Kato

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...