torsdag 14. juli 2011

Lydbok: Sidney-mysteriet av Bjørn Sortland (lese av Aksel Hennie)


David og resten av Bergvik - familien har opplevd nok til at det snart burde vere slutt, men det er endå ikkje nok. Trusselbreva kjem strøymande inn kvar tredje dag og dei bestemmer seg alle for å reise til Australia til ein ven av Knut Bergvik (faren i huset), men i Sydney kjem dei i nye vanskar.

Denne boka anbefales ikkje å lese først i serien om Kunstdetektivene.

Bøkene er fantastiske på lydbok og det er der de bør høyre dei. Perfekte å høyre i bilen.

Heile boka her er eigentlig bra og eg liker måten alt er bygd opp på i denne boka. Eg liker så godt korleis Sortland har laga alt. Han har fortalt at den einaste staden han ikkje har reist til som han har skrive om er Sydney, men likevel er alt så bra. Handlinga foregår i noko som ser ut som ein gul legokloss og er skjular det seg mykje!

Omslaget på boka er ikkje fullt så bra. Eg synes ikkje det ser spennande nok ut, men les du boka er det nok av andre spennande illustrajonar av Trond Bredesen.

Andre bøker i serien:
  1. Venezia-mysteriet
  2. Louxor-mysteriet
  3. Ankor-mysteriet
  4. New York-mysteriet
  5. Sydney-mysteriet
  6. Oslo-mysteriet
  7.  London-mysteriet
  8. Paris-mysteriet
  9. Barcelona-mysteriet
  10. Bergen-mysteriet
  11. Stavanger-mysteriet
Det kjem ut ei til boka snart trur eg så det blir spennande.  Titlane er kanskje ikkje så veldig inbydane på desse bøkene, men dei seier jo litt eller kva?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...