torsdag 14. juli 2011

Bok: The short second life of Bree Tanner av Stephenie Meyer


Boka var på engelsk så det var litt vanskelig å få med seg alt, men eg gjenfortel så godt eg kan.
Bree er ein nyfødd vampyr og styres av av tørsten. Og Riley. Riley er leiar for nesten tjue nyfødde vampyrar, men det er ikkje han som har skapt dei. han bestem over dei og lærar dei om det å vere vampyr, men Bree forstår snart at det er ikkje alt han seier som er sant!

Boka var sånn passe og eg likte innleiinga dårlig. Bree verkar som ein litt sur tenåring som skulle ut og jakte med sine "medvampyrar" og likte ikkje "gjengen" ho blei sendt ut saman med. Derfor stikk ho av med ein annan nyfødt vampyr som heiter Diego og var dei dannar ein BFF-klubb eller Ninjaklubb. Det verkar meir som noko sånt tåpelig ungdomssnakk akkurat der.

Midtdelen var heilt grei, men det verka av og til som om ho bare halte ut tida litt for å lage historia litt lenger. Riley var ikkje like skremmande i denne boka som i filmen eller boka. Eller han verka meir skremmande der og eg trudde dei andre skullle vere veldig undertrykka og at han gjekk rundt konstant sur og farlig, men nei, han var som ein Gud mange av dei tilbad og det stemde ikkje med den beskrivinga me har fått før.
Alle som har sett slutten av filmen eller lese slutten av Formørkelsen veit kva som skjer på slutten, men eg sakna ekte Meyer - skriving her. Eg hadde ikkje lyst til å setje meg ned å grine fordi det gjekk sånn og eg kjente ingen sympati for hovudpersonen gjennom denne boka.

Eg elsker omslaget og det timeglaset som er på det. Det seier mykje om boka., Elsker omslaget, boka sånn passe, manglar Meyer - effektar er vel kort oppsumert.

Eg  har lese Twilight - serien og syntes bøkene var gode, men dette var ingenting i nærleiken av kva Meyer skapte før.

Andre bloggarar som har skrive om boka

Mai Lene

2 kommentarer:

  1. Jeg likte denne godt jeg da, smaken er som baken også videre ;) Takk for linken forresten!

    SvarSlett
  2. Ja, alle har jo forskjellig smak. :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...