mandag 11. juli 2011

Bok: mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo


Amanda er forelska i David, men korleis får ho han til å bli interresert og kva skjer med hjartet når ein er forelska? David er bare den kjekkaste guten Amanda veit om og ho synes han er både kjekk og snill. Men er han forelska i henne? 

Boka var svært bra. Både byrjinga midten og slutten. Byrjinga byrjar med sånn typiske ungdomsgreier og sjalusi. Hovudpersonen er sjalu på si beste veninne for korleis ho tar seg ut og alt det der og er sjølvsagt usikker på om David kjem til å like veninna best. 

Midtdelen er litt sånn at han av og til går litt for dort i svingane, men han er òg litt langtrukken somme tider og du sit liksom og ventar og ventar og ventar. Det skjer veldig mykje, men ikkje sånn at du ikkje har problemer med å henge med. På "slutten av midtdelen" måtte eg nesten ta til tårene og bøker som får meg til å grine kjem høgt opp på lista. 

Avslutninga var òg veldig bra. Akkurat som på forrige bok må du tenke deg litt til korleis dette går vidare. 

Omslaget var svært bra og fargen lilla har mykje å seie i denne boka og hjartet har òg det, så eg liker det veldig godt og viss eg hadde sett denne boka i ein butikk hadde eg tatt ho opp for å sjå kva den handla om. Baksideteksten er noko heilt anna. Eg synes det blir for kort på ein måte. 

Boka anbefales å lese for både vaksne og ungdommar. 

Mai Lene 
tittel: Mitt bankande hjarte
forfattar: Alf Kjetil Walgermo
utgivningsår: 2011
forlag: Cappelen Damm
sidetal: 204
baksidetekst: 
Amanda er snart fjorten år og forelska.
David er den kjekkaste guten på skuklen. 
Korleis skal ho kapre hjartet hans? 

1 kommentar:

  1. Helt enig! er ikke ferdig med boka enda da, men enig så langt som jeg har kommet iallefall ;)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten