tirsdag 19. juli 2011

Barnebøker

Plutselig fekk eg lyst til å skrive litt om dei barenbøkene eg las då eg var mindre og som eg framleis synes er kjekke å lese. Eg byrjar frå dei eg las då eg var minst og så jobbar eg meg oppover.

VERDENS BESTE VENNER AV MARGARET WILD

Denne boka lånte eg på biblioteket gong på gong på gong då eg var mindre og den var like kjekk kvar gong. Teikningane er gode og det er ei veldig god bok om venskap. Signe og Sivert bur på ein gård med ein okse som heiter Olme Olav, ein hund og katten Kåre. Alt er for det meste perfekt utanom at postmannen må levere alle breva i eit kjøleskap og at Signe hatar Katten Kåre som Sivert elsker. Men ein dag skjer det noko spesielt som snur opp ned på tilværelsen både for Signe og Kåre.

boka er utgitt i 1992 på Carlsen forlag.



MOROVERS AV ANDRÈ BJERKE

Ei flott boka med rim og dikt for barn. Alle dikta er morosamme og nokre gir barna litt og tenke på. Eg vil dele det diktet eg likte best med dykk som les bloggen.

I landet Miramamora 
var Farao på ferie
hos farmora og mormora. 


En morgen klatret mormora 
til Farao i furua
og så begynte moroa. 


- Hva ler `u a´ sa farmora. 
- Av mormorfa den furia!
- Hvor ser ´u a´ ? sa farmora
- I furua, sa Farao


- Kom ned iggjen! sa farmora
til mormora i furua. 
- Imorra ja! sa mormora
til farmora til Farao.


Du ser av vår historie
at å dra på ferie 
i landet Miramamora
til farmora og mormora 
den furia i furua
har Farao hatt moro av! 


utgitt på Aschehoug.

BAK MUMME BOR MONI AV GRO DAHLE
Ei bok om å vere sint. For bak den rolige skikkelsen Mumme bur Moni som kjem trampande på den store svarte hesten med alt for mange bein. Og Moni kjem køyrande i lastebilen med alt for mange hjul. For slike er Moni.

Gro Dahle er fantastisk og denne boka er ikkje noko unntak.

utgitt på Cappelen





VAFFELHJARTE AV MARIA PARR
Lena og Trille er vener. Lena er bestevennen til Trille, men han er usikker på om han er Lenas beste ven. Saman finn dei på veldig mykje rart som å lage Noahs Sjark og å søke etter pappa til Lena. Men ein dag så skjer det noko...

Dette er ei humoristisk bok om to ungar som bur i ei lita bygd og er kjempeoppfinsamme. Ho er òg av og til så trist at eg byrjar å gråte når eg las ho. Kjempekjekk barneboka

Tonje Glimmerdal er òg ei fin barenbok av Maria Parr, men eg likte best Vaffelhjarte



FISKEN AV ERLEND LOE (i serien om Kurt)
Kjempemorosam bok om truckføraren Kurt som finn ein stor fisk på brygga ein dag og tek den med heime. Då legg han og kona Anne-Lise og borna Tynne Helena, Brus-Kurt og Bud ut på ei stor reise verda rundt saman med fisken og kvar gong dei kjem ein ny plass serverer dei folka der fisk og smått om senn forandrar ting seg.

Eg ler kvar gong eg les denne boka. Eg elsker den og synes den er like morosam kvar gong. Alle barn bør prøve denne.

Les òg
- Kurt blir grusom
- Kurt Que Vadis
- Kurtby
- Kurt kurèr

PODE MISTER FOTFESTET AV TOR ARVE RØSSLAND
Kjempemorosam bok om Pode som nettopp har byrja på skulen og mistar tenner som bare der. Det einaste er at det skjer noko rart når han mister tennene. For kvar gong går handa eller foten automatisk opp i lufta utan at han tenkjer på det og plutselig ein dag finn han seg sjølv svevande over bakken.

Bøkene om Pode var mine yndlingsbøker då eg var mindre. Eg lo kjempegodt av dei og det er nokre av dei eg kjem til å hugse seinare.






PODE FÅR SNUE AV TOR ARVE RØSSLAND
Pode har byrja å få snue og nyse. Det einaste problemet er at kvar gong han nyser kjem det nye folk heim til dei. Det byrjar med dei to tantende, men til slutt kjem det store busslaster med folk heim til han. Og kven er indianaren som vandrar rundt?



Les òg Anti-Pode




Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten